torsdag 27. august 2015

Litt om meg

Hei godtfolk!


Eg heiter Wenche Askeland, er 37 år og bur i Haugesund. Eg har sambuar og to døtrer på 7 og snart 5 år.


Sidan 2006 har eg jobba ved Haugaland videregående skole, noko eg trivst svært godt med. Der har eg opp gjennom åra undervist i faga norsk, engelsk, spansk og samfunnsfag, men dei siste åra har eg "berre" undervist i engelsk og norsk, deriblant grunnleggjande norsk for minoritetsspråklege. I tillegg til jobb tar eg masterstudiet i lesevitskap på deltid, som eg nå er i gong med på det andre året.


Sjølv om det begynner å bli nokre år sidan eg tok fordjuping i nordisk, har tanken på å ta steget vidare mot dette masterstudiet aldri heilt sluppe taket. Nå er eg endeleg i ferd med å realisera denne planen.


Så lenge eg kan hugsa har eg vore fascinert av ulike sider ved språk, og eg trur difor masteravhandlinga kjem til å ta ei språkleg retning. Eg har ikkje landa på kva emne det eventuelt skal dreia seg om ennå, men gjerne noko som er relevant i samband med jobben min som lærar på ein yrkesfagleg skule. Haugaland vgs har den siste tida fokusert på lesing, og i fjor innførte me ei dagleg leseøkt på skulen. I haust går Haugaland vgs eit steg vidare og set også i gong eit skriveprosjekt. Begge delar er noko eg vurderer å skriva om, anten isolert sett eller sett i samanheng. Minoritetsspråklege si språkinnlæring i skulen er eit anna aktuelt og spennande felt som eg også kunne tenka meg å utforska meir. Kva emne eg endar opp med, er altså ennå uvisst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar