tirsdag 8. september 2015

Literacy som aktivitet


Omgrepet «literacy events» er eit omgrep som ikkje så lett lar seg omsetja. Viss me likevel skal prøva oss på ei omsetjing, er «teksthendingar», «lesehendingar» eller «skriftspråklege hendingar» noko som iallfall kan gi oss ein peikepinn på kva literacy-professoren og lingvisten David Barton har i tankane når han bruker denne nemninga. Med dette i bakhovudet kan me undra oss over kva tyding som eigentleg ligg i dette.

Tekst og teksthendingar er noko me omgir oss med rett som det er utan at me nødvendigvis er klar over det. I kvardagen finst det mange høve der det skrivne ord er involvert, og teksthendingar inkluderer alle slike aktivitetar. I skulen er det eksplisitte føremålet læring, men i dei fleste andre høve er det ikkje det som er målet. Allereie om morgonen er me i gong; me bruker til dømes vekkefunksjonen på mobiltelefonen og slår av denne før me les meldingar eller varslingar som har tikka inn i løpet av natta/morgonen. Dette er døme på enkle handlingar som likevel krev ei viss forståing av ulike symbol og som aktiverer lesekunna vår, det er altså ulike literacy events.

 I løpet av ein dag har me vore gjennom mange ulike teksthendingar, sjølv om dette ikkje er noko me vanlegvis tenkjer over (- så sant me ikkje er literacystudentar eller -forskarar...). På jobb les me formelle og uformelle dokument av ulike slag, som e-postar, kontraktar, rapportar, møtereferat, vaktlister, korte beskjedar, statistikkar, tabellar - og sjølvsagt sjekkar me også lønnsslippen. Innimellom oppdaterer me oss kanskje også på fagbøker og –artiklar. Lærarar og elevar er ofte aktive brukarar av It’s learning, der det blir lagt ut mange meldingar og oppslag i løpet av ein dag. Privat les me til dømes for barna våre, me les posten og avisa, anten i papirformat eller på internett, bøker, blader, reklamebrosjyrar, ser på tv, sjekkar (u-)sosiale media, les og skriv tekstmeldingar, og framleis lagar me oss handlelappar, som me - med varierande hell - prøver å halda oss til på handleturen. Vidare bruker me brukarrettleiingar og oppskrifter i ulik grad (matoppskrifter, strikkeoppskrifter, o.l.), me les varedeklarasjonar og etikettar, ja, me kan jamvel ikkje unngå å lesa utanpå melkekartongane, om det nå høyrest aldri så traust ut!

Desse aktivitetane har alle skriftspråklege element ved seg. For å forstå kvarandre bruker me eit system av symbol til å kommunisera med. Medan teksthendingar er sjølve aktiviteten rundt tekst, er «lesepraksis» eller «tekstpraksis» («literacy practices») dei felles mønstera me bruker når me les eller skriv i bestemte situasjonar. Det er altså dei generelle kulturelle måtane me nyttiggjer skriftspråket på som me drar med oss inn i ei teksthending. 
Gjennom bruk av literacy kan me altså kommunisera med omverda på ulike måtar og skapa teksthendingar som kan vera til nytte eller til glede for oss sjølve og andre. Gjennom heile livet utviklar me lesepraksisen vår, og me blir nok aldri "ferdig utlært". Det er utenkjeleg for oss å sjå føre oss eit moderne samfunn utan bruk av literacy.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar